Al-Jazari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av vasspumpa til Al-Jazari

Abū al-'Iz Ibn Ismā'īl ibn al-Razāz al-Jazarī (11361206), arabisk أَبُو اَلْعِزِ بْنُ إسْماعِيلِ بْنُ الرِّزاز الجزري, var ein irakisk oppfinnar frå Al-Jazira i Irak. Han vert rekna som ein viktig muslimsk mellomaldervitskapsmann.

I 1206 gav han ut boka Kitáb fí ma'rifat al-hiyal al-handasiyya (Bok om kunnskap innan innovativ mekanikk), der han beskreiv 50 forskjellige mekaniske ting. Ei av dei viktigaste oppfinningane hans var veivakselen og råden, som gjer at ein kan omforma ei linear røesle til rotasjon, eller omvendt. Veivalsen og råden er viktige komponentar i dampmaskinar og forbrenningsmotorar. Al-Jazari nytta denne oppfinninga i ei vasspumpe.

Spire Denne teknologiartikkelen som har med Irak å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk