Dampmaskin
Dampmaskin er ei nemning på ein motor som vert driven av damp under trykk. Franskmannen Denis Papin oppdage at når vatn vert varma opp til det fordampar, utvidar det seg kraftig. Når dampen vert avkjølt, vert han til vatn att. I ein dampmaskin skjer oppvarmings- og avkjølingsprosessen på kvar si side av eit stempel plassert i ein sylinder, slik at dette stempelet vert drive fram og attende. Dei teoretiske prinsippa bak dampmaskinen fell inn under termodynamikken, som er ei grein innan fysikk.
Den første fungerande dampmaskinen vart teken patent på i 1769 av James Watt, og la grunnlaget for den industrielle revolusjonen. Dampmaskinar vart etter kvart mykje nytta som motor i til dømes dampskip og damplokomotiv. Brenning av kol vart mykje nytta for å driva dampmaskinane.
Innhaldsliste |
Soge [endre]
- 50: Heron av Alexandria eksperimenterte med ein roterande dampjetmotor, kjent som Eolipile.
- 1551: Taqi Al Din beskreiv eit dampdrive grillspyd [1].
- 1609: Giambattista della Porta eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe.
- 1615: Salomon de Caus publiserte eit vitskapeleg verk [2] der han mellom anna tok for seg expansjon og kondensasjon av damp.
- 1629: Giovanni Branca beskreiv ein dampturbin [3],
- 1600-talet Jeanne Marie Leprince de Beaumont eksperimenterte med dampkraft.
- 1663: Edward Somerset eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe.
- 1678: Jhon Trust utførte eksperimentert som bygde på arbeidet til Edward Somerset.
- 1690: Denis Papin eksperimenterte med ein dampsylinder.
- 1698: Thomas Savery bygde ei dampdriven vasspumpe for å pumpe vatn ut av gruver.
- 1712: Thomas Newcomen bygde ei dampdriven vasspumpe med stempel og sylinder for å pumpe vatn ut av gruver.
- 1763: Iwan Iwanowitsch Polsunow bygde ei tosylindra dampmaskin på 1,3 kW.
- 1763: James Watt laga ein forbetra verson av dampmaskina til Newcomber.
- 1769: James Watt fekk patent på bruk av kondensasjonskammer, for å forbetra verkningsgraden til dampmaskina.
- 1776: James Watt bygde ei dampdrive vasspumpe i stor skala.
- 1782: James Watt fann opp den dobbeltverkande dampmaskina.
- 1799 Richard Trevithick utvikla ein høgtrykksdampkjele, som gjorde kondensatorkammeret til Watt overflødig.
Tidleg bruk av dampmaskiner [endre]
- 1769: Nicolas-Joseph Cugnot bygde eit dampdrive køyretøy.
- 1784: James Watt fekk patent på damplokomotivet.
- 1788: John Fitch monterte ei dampmaskin i ein båt.
- 1804: Richard Trevithick og Andrew Vivian bygde eit damplokomotiv i Merthyr Tydfil, i Wales.
- 1834: John Heathcoat bygde og testa ein dampdriven lokomobil med beltedrift, i Lancashire, for pløying med to vinsjdregne plogar [4].
- 1871: B.F. Cook nytta ei dampmaskin for å driva slåtteapparatet på ein hestedregen skurtreskar.
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om ulike typar dampmaskinar
- Verdas minste dampmaskin
- Historikk om dampmaskin
- Modellbygging av damplokomotiv