Al-Sawda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Sawda
السودا
by
Land  Syria
Guvernement Tartus
Distrikt Tartus
Nahiyah Al-Sawda
Koordinatar 34°58′56″N 35°56′37″E / 34.98222°N 35.94361°E / 34.98222; 35.94361
Folketal 4 064  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Sawda
34°58′56″N 35°56′37″E / 34.98222222°N 35.94361111°E / 34.98222222; 35.94361111

Al-Sawda (arabisk السودا, òg skrive Sauda eller al-Soda) er ein by nordvest i Syria i Tartus guvernement, 15 kilometer nordaust for Tartus. Av stader i nærleiken finn ein Annazah i nordaust, Maten al-Sahel i nordvest, Husayn al-Baher i vest, Dweir al-Shaykh Saad i sørvest, Awaru i sør, Khirbet al-Faras i søraust og Khawabi i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Sawda eit folketal på 4 064 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Sawda nahiyah («underdistrikt») som består av 27 stader med eit samla folketal på 32 925 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne,[2] frå den gresk-ortodokse kyrkja.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet al-Sawda er arabisk for «svart» og syner til dei svarte basaltiske steinane som innbyggjarane i al-Sawda tidlegare nytta til å byggje bygningar, inkludert den største kyrkja. Seint i den osmanske tida, tente basalt-basert murarhandverk som hovudnæringa i al-Sawda, og tilsette opp til 400 innbyggjarar fram til byrjinga av det franske mandatet. Industrien vart mindre viktig då ein byrja å byggje med sement og jarn i regionen.[4]

Under osmansk tid (1516-1918), var administrasjonssenteret i nærleiken («underdistrikt») i den sunnimuslimske byen og mellomalderborga Khawabi.[2] Det er framleis fleire bygg frå den osmanske tida, i tillegg til ei kyrkje i byen.[5] Under det franske mandatet, då osmanarane trekte seg ut av Syria, vart senteret for området flytta til al-Sawda av dei franske styresmaktene, fordi, i motsetnad til Khawabi, deltok ikkje innbyggjarane i al-Sawda i det syriske opprøret i 1919 leia av sjeik Salih al-Ali som kom frå denne regionen.[2]

Under det franske mandatet, tok al-Sawda over statusen Khawabi hadde hatt, og folk byrja å reise til al-Sawda i staden. Medan Khawabi raskt vart mindre viktig, vart al-Sawda eit dynamisk senter med ein klinikk, ein vidaregåande skule og mange butikkar. I 1967, under den første tida av baathist-styret i Syria, vart senteret i mantiqah («distriktet») flytta til al-Shaykh Badr som i 1970 hadde eit folketal på 467 (og mangla tenester) samanlikna med al-Sawda som då hadde 1 103 innbyggjarar.[2] I dag er al-Sawda senteret i ein nahiyah i Tartus-distriktet,[1] medan al-Shaykh Badr har vokse til ein stor by og er senter i al-Shaykh Badr-distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Balanche, 2006, s. 47.
  3. The Reformed Presbyterian and Covenanter. 33. (1895). s. 275.
  4. Abdel Karim, Dalia. Suda's Stones. E-Tartus. E-Syria. 2009-01-07. (arabisk)
  5. Lee, 2010, s. 173.