Al-Ubeidiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Ubeidiya
لعبيديّه, al-Obaidya, Deir Dosi[1]
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°43′23.80″N 35°17′26.06″E / 31.7232778°N 35.2905722°E / 31.7232778; 35.2905722
Areal 97,2 km²
Folketal 10 753  (2007)
Folketettleik 111 / km²
Kart
Al-Ubeidiya
31°43′24″N 35°17′26″E / 31.723277777778°N 35.290572222222°E / 31.723277777778; 35.290572222222
Wikimedia Commons: Al-Ubeidiya

Al-Ubeidiya (arabisk لعبيديّه) er ein palestinsk by 6 km aust for Betlehem. Byen er ein del av Betlehem guvernement sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde al-Ubeidiya eit folketal på over 10 753 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Ubeidiya er kalla opp etter St. Theodosius («Ibn Ubeid» på arabisk), som bygde og vart gravlagd i eit kloster 1 km vest for byen, kjend som St. Theodosius-klosteret. Det vart opphavleg bygd på 400-talet, og Theodosius vart gravlagd der i 520. Det noverande bygget vart reist av krossfararar på 1100-talet. Mar Saba-klosteret, som vart bygd av St. Sabbas i 484, ligg lenger aust, men innafor kommunegrensa. Det ligg òg eit romersk basseng i sentrum av al-Ubeidiya som vart nytta av romarane i Palestina for å samle vatn.[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Området vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517. I 1596 stod Al-Ubeidiya oppført i osmanske skattelister, kalla Dayr Bani 'Ubayd, som ein del av Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 42 hushaldningar og 6 ungkarar, alle muslimar. Dei betalte skattar for kveite, bygg, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]

I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin staden, som han kalla Deir Dosi, og skildra ruinane av klosteret.[1] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som Kh. Deir Ibn Obeid og «ruinar av ein moderne landsby».[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Ibaidiyeh ein muslimsk folkesetnad på 2 000, 880 menn og 1 120 kvinner.[6] I folketeljinga i 1931 hadde El Ubeidiya 1 187 innbyggjarar, framleis alle muslimar, 610 menn og 577 kvinner.[7]

Etter 1948[endre | endre wikiteksten]

Etter den den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, var Al-Ubeidiya under jordansk styre.

Sidan 1997 har al-Ubeidiya vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Guérin, 1869 s. 88 -92
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  3. Al ‘Ubeidiya Town Profile. Applied Research Institute–Jerusalem. 2010.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 114.
  5. Conder og Kitchener, 1883, s. 111
  6. Barron, 1923, Table VII, Subdistrict of Betlehem, s. 18
  7. Mills, 1932, s. 36