Betlehem
Betlehem (hebraisk בֵּית לֶֽחֶם Bet léḥem, ‘brødhus’; arabisk بيت لحم Bayt Laḥm ‘kjøthus’) er ein by på Vestbreidda av Jordanelva, i Palestina. Byen ligg om lag ei mil sør for Jerusalem, 765 moh. Han er eit viktig senter for religion og turisme, og hyste tidlegare ei av dei største gruppene palestinske kristne i Midtausten. Dei siste åra har mange kristne flytta ut på grunn av segregeringsmuren. Dei mange sjekkpostane og militærinvasjonane har gjort at dei menneska som har mogleghet til å forlata Betlehem, pakkar kofferten og dreg. Og det er stort sett dei kristne som har utreisemoglegheter.[treng kjelde]
Ved Betlehem ligg etter jødisk tradisjon grava til Rakel, og byen er i kristen tradisjon fødeplassen til Jesus. Mellom anna julesongen «Eit barn er født i Betlehem» er laga til minne om denne hendinga.
[endre] Bakgrunnsstoff