Albireo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albireo A
Position beta Cyg.png
Posisjonen til Albireo', i nedre høgre hjørne.
Den krossliknande figuren er Nordkrossen.
Den blå linja syner stjernebiletet Svana.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Komponent Albireo Aa Albireo Ac
Rektascensjon 19h 30m 19h 30m
  43.286s 43.295s
Deklinasjon +27° 57′[1] +27° 57′[2]
  34.84″ 34.62″
Tilsynelatande storleik (V) 3.18[3] 5.82[3]
  3.085
Karakteristikk
Spektralklasse K2II[4] B8:p[4]
B-V fargeindeks 1.074[1] 0.09[2]
V-R fargeindeks 0.92[3] 0.09[3]
Astrometri
Eigarørsle:  
RA α cos δ) -7.17 mas/år
Dek. δ) -6.15 mas/år
Parallakse (π) 7.51 ± 0.33[5] mas
Avstand 430 ± 20 ly
(133 ± 6 pc)
Absolutt storleik (MV) −2.45[4] −0.25[4]
Detaljar
Masse 5[6] M 3.2[6] M
Radius 70 R 3.5 R
Luminositet (bolometrisk) 1,200 L 230 L
Bane (Aa/Ac)[7]
Store halvakse (a) 0.536
Eksentrisitet (e) 0.256
Inklinasjon (i) 154.9°
Periastron epoke (T) B1997.995
Periastronargument (ω)
(sekundary)
39.4°
Databasereferansar
SIMBAD data
Other designations
β Cygni A, β1 Cygni, 6 Cygni A, MCA 55 Aac, ADS 12540 A, BD+27 3410, CCDM J19307+2758A, FK5 732, HD 183912/183913, HIP 95947, HR 7417, NSV 12105, SAO 87301, WDS 19307+2758Aa/Ac[5][7][8]

Albireo, òg kalla β Cyg, β Cygni eller Beta Cygni, er den tredje klåraste stjerna i stjernebiletet Svana. Sjølv om ho har nemninga «beta», er ho faktisk svakare enn Gamma Cygni.

Cygnus tyder «Svana», og Albireo er på hovudet åt svana; ho blir stundom kalla «nebbstjerna».

Namnet sitt fekk denne stjerna via mistolkingar og feilomsetjingar. Det første kjende namnet på stjerna var «al-Minhar al-dadjadjah» (‘hønsenebbet’) i arabiske tekstar. Latinske lærde misforstod det og trudde at namnet kom av ei slags urt, så dei omsette det til «ab ireo» (‘frå ireus’). Seinare meinte nokon at det var ei feilskriving frå arabisk og skreiv det om til «al-bireo».

Albireo er 385 lysår frå jorda. Utan hjelpemiddel ser Albireo ut som ei enkeltstjerne, men når ein ser på ho gjennom eit teleskop eller ein kikkert, viser ho seg som ei dobbeltstjerne med éin gul (visuell magnitude 3,1) og éin blå (visuell magnitude 5,1) deltakar. Dei to ligg i ein innbyrdes avstand av 34 bogesekund sett frå jorda, og saman utgjer dei ei av dei mest kontrastrike dobbeltstjernene på grunn av dei ulike fargane deira.

Dei vart tidlegare berre sett på som ei optisk dobbeltstjerne, som berre tilfeldigivis låg på linje sett frå jorda utan å høyre til kvarandre, slik eit ekte dobbeltstjernesystem gjer. Men trass i den store avstanden mellom dei, er dei faktisk ekte dobbeltstjerner, der den lyse og gule stjerna, beta Cygni A, sjølv er ei dobbeltstjerne med eit svært tett krinsløp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 [1], Hipparkoskatalogen; CDS.
  2. 2,0 2,1 [2], Hipparkoskatalogen; CDS.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Binary Star Differential Photometry Using the Adaptive Optics System at Mount Wilson Observatory, Theo ten Brummelaar, Brian D. Mason, et al., Astronomical Journal 119, #5 (May 2000), pp. 2403–2414. doi:10.1086/301338. Mal:Bibcode. See tables 4, 5, 6, and 8. Luminosity from Lbol=102(4.75−Mbol)/5.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 doi:10.1086/342942
    This citation will be automatically completed in the next few minutes. You can jump the queue or expand by hand
  5. 5,0 5,1 NAME ALBIREO -- Star in double system , database entry, SIMBAD. Accessed on line July 9, 2008.
  6. 6,0 6,1 Albireo, Stars, Jim Kaler. Accessed on line October 23, 2013.
  7. 7,0 7,1 Entry, WDS identifier 19307+2758, Sixth Catalog of Orbits of Visual Binary Stars, William I. Hartkopf & Brian D. Mason, U.S. Naval Observatory. Accessed on line July 9, 2008. (19307+2758)
  8. Speckle observations with PISCO in Merate: IV. Astrometric measurements of visual binaries in 2005, M. Scardia et al., Astronomische Nachrichten 329, #1 (2008), pp. 54–68. Mal:Bibcode. doi:10.1002/asna.200710834.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albireo