Albulapasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hospitset på nordsida av passhøgda i Albulapasset. Fjellet Piz Üertsch reiser seg over fjellovergangen

Albulapass (retoromansk; Pass da l'Alvra) er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellvegen, som når opp i 2 312 meters høgd, knyter saman Tiefencastel i Albulatal med La Punt-Chamues-ch i dalen Engadin. Albula-Bahn trafikkerer strekninga over Albulapasset gjennom ei rad av korte tunnelar. Hovudvasskiljet i Europa går over Albulapasset.

Bilvegen er vinterstengd av snøras frå oktober til juni, medan jarnbanen går heile året.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Albulapasset har vore nytta som gjennomfartsveg i lange tider. Allereie i 1695 kosta innbyggjarane i Bergün forbetringar på dei vanskelegaste strekka på den ferdselsåra som då var i bruk. Tida 1855-65 vart det bygt veg over Albulapasset. Fram til 1904 var vegen ei god inntekstkjelde for lokalbefolkninga, då fjellvegen over Albulapasset var eit godt alternativ for farande om Julierpasset eller Settimopasset var uframkomeleg.

Jarnvegen Albula-Bahn stod ferdig i 1904, noko som førte til at vegen over Albulapasset mista mykje av sin verdi. I seinare tid vert bilvegen først og fremst nytta av turistar.

År om anna går ein av etappane i sykkelrittet Sveits rundt over Albulapasset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albulapass