Alessandro Marcello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alessandro Marcello
Alessandro Marcello.jpg
Fødd 1. februar 1673, Venezia
Død juli 1747 (alder 1740–1741), Venezia
Periode Barokken
Sjanger Concerto
Yrke Komponist

Alessandro Ignazio Marcello (fødd 1. februar 1673 i Venezia, død 19. juni 1747 i Venezia)[1] var ein italiensk adelsmann som mellom anna òg var diktar, filosof og matematikar. Som broren Benedetto Marcello er han i dag hovudsakleg kjent som ein komponist av barokkmusikk.

Alessandro Marcello stamma frå ein venetiansk patrisierfamilie. Han komponerte fleire samlingar solokonsertar (mellom anna seks konsertar ved namn La Cetra) og nokre kantatar. Som medlem av Accademia dell'Arcadia publiserte han musikken sin under det «arkadiske» pseudonymet Eterio Stinfalico.

Hans mest kjente verk er Konsert for obo og orkester i d-moll, som Johann Sebastian Bach seinare arrangerte for cembalo (BWV 974).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Héliane Derégis: Alessandro Marcello nel terzo centenario della nascita. (Venezia 1669-1747). Sei cantate da camera. (= Historiae musicae cultores; 26). Olschki, Florenz 1969
  • Eleanor Selfridge-Field: The music of Benedetto og Alessandro Marcello. A thematic catalogue, with commentary on the composers, repertory og sources. Clarendon Press, Oxford 1990, ISBN 0-19-316126-5

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidlegare vart 24. august 1669 brukt som fødd-dato, men det har vist seg at den datoen gjeld ein bror med samme navn som døydde i tidleg barnealder, sjå Marco Bizzarini: Marcello, Alessandro Ignazio, i Dizionario Biografico degli Italiani, bind 69 (2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]