Pseudonym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emmy von Winterfeld gav opphavleg ut bøker under pseudonymet E. v. Warnow, og seinare under namnet Emmy von Winterfeld-Warnow.

Eit pseudonym, psevdonym (frå gresk ψευδώνυμο, «falsk namn») eller løyndenamn er eit oppfunne namn brukt av ein person i staden for det rette namnet. Franske ord for løyndenamn er nom de plume, 'pennenamn', for forfattarar som ikkje ynskjer å nytta sitt eige namn ved publisering, eller nom de guerre, 'krigsnamn', for namn brukte i samband med krig i verkeleg eller overført tyding.

Bruk av løyndenamn[endre | endre wikiteksten]

Løyndenamn kan brukast som dekknamn når ein gjer noko ein ikkje vil bli avslørt for, til dømes å gje ut skrifter som vil bli dårleg likte av samfunnet rundt dei eller styresmaktene. Men bruk av løyndenamn er ikkje alltid negativt eller hemmeleg. Også skodespelarar, idrettsfolk og musikarar nyttar pseudonym, gjerne fordi dei vil ha eit namn som kling betre eller er lettare å seia eller hugsa.

Kjønn[endre | endre wikiteksten]

Ein kan bruk løyndenamn til å endra eller skjula kjønnet sitt. Dei har mellom anna vore mykje brukt av kvinner som vil unngå diskriminering. Særleg var dette vanleg på den tida ein meinte kvinner hadde mindre tankekapasitet enn menn, men også i dag finst det forfattar som tek eit pseudonym eller skjular dei kvinnelege førenamna sine bak førebokstavar, som britiske J.K. Rowling.

Den franske matematikaren Sophie Germain (1776–1831) kalla seg «Le Blanc» i korrespondanse med andre matematikarar. Den franske forfattaren Amandine-Aurore-Lucile Dupin braut med ein tradisjonell kvinnerolle, mellom anna ved å gje ut bøker, og brukte mannsnamnet George Sand som løyndenamn for dette. Angloirske Molly Keane gav ut romanar som MJ Farrell for ikkje å få dårleg rykte i sosietetskretsane ho vanka i.

Sjangerskilje[endre | endre wikiteksten]

Den norske forfattaren André Bjerke kalla seg for «Bernard Borge» når han skreiv kriminallitteratur. Truleg gjorde han det for å skilla dette forfattarskapet frå resten av verka sine. Agatha Christie og Ruth Rendell er andre forfattarar som valde pseudonym når dei skreiv i andre sjangrar enn normalt.

Kollektivpsevdonym[endre | endre wikiteksten]

Fleire forfattarar som skriv eitt verk eller ein serie kan òg ta eit felles namn. Dei best kjende eig Stratemeyer-syndikatet og blei brukt på seriebøkene deira om mellom anna HardygutteneFranklin W. Dixon») og Frøken DetektivCarolyn Keene»). Bak namna stod fleire forfattar som var pålagde anonymitet.

«John Donner» og «Helene Holst-Hammerfeldt» er norske kollektivpsevdonym med kjende opphavspersonar. Dei 13 bøkene til John Donner i Sommerset-serien blei skrivne av Ragnar Hovland, Einar Økland, Per Olav Kaldestad og Sigbjørn Heie, medan dei tre forfattarane May Grethe Lerum, Anne B. Ragde og Trude Brænne Larsen skreiv kvar si av bøkene i serien Emilies tid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]