Alexander Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Olsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1899
Bergen
Død

4. juni 1975 (76 år)
Bergen

Idrett fotball

Alexander Olsen (5. mars 18994. juni 1975) var ein norsk fotballspelar frå Bergen, kanskje landets beste fotballspelar utover 1920-talet. Han var senterhalf på Noreg sitt fotballandslag mykje av tida 1919-32, då han spela 37 landskampar. Han vart nordisk meister for Noreg 1929-32 og vann to NM-gull med Brann. Olsen tok seinare namnet Alexander Nagelsett og arbeidde som elektromontør.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Olsen/Nagelsett spela for Brann frå 1918. I sin debutsesong spela han cupfinale med laget, ein kamp som enda med tap 0-4 for FK Kvik frå Halden. Han var sentral då Brann vann cupfinalen både i NM 1923 og NM 1925. Det var i desse åra, Olsen si «glanstid» at la Brann om til ein spelestil med kortpasningar, den «nesten revolusjonerende» spelestilen skulle visstnok vere «importert fra Skottland»[1].

Etter 1932 spela Olsen for Sportsklubben Gjøa i Oslo.[2]

«Sanderen», som han vart kalla, landslagsdebuterte i 1919 i ein heimekamp mot Nederland, ein kamp som enda 1-1. Frå midt på 1920-talet var han sentral på landslaget, skåra sitt einaste landslagsmål då han 7. juni 1925 vart matchvinnar mot Finland; Noreg vann 1-0 på Holmen stadion i Aker. Noreg vart nordisk meister i fotball for perioden 1929-32 og vart tildelt «Guldkruset». I alt spela han han 37 landskampar for Noreg, dei fire siste i jubelåret 1932.

Olsen var ein underhaldande fotballspelar, med framifrå teknikk og ballkontroll. Gjennom åra skal han også ha spela keeper, back og forward.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister 1923 og 1925 med Brann
  • NM-sølv 1918 med Brann
  • Nordisk meister 1929-32 for Noreg

Alexander Nagelsett døydde i Bergen i 1975 og er gravlagd på Møllendal.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili:Fotballboken s. 93f
  2. artikkel i Store Norske Leksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]