Halden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halden
By
Land  Noreg
Fylke Østfold
Kommune Halden
Areal 14,21 km²
Folketal 26 126  (2023)
Folketettleik 1 839 / km²
Innbyggjarnamn haldensar
Preposisjon i / på Halden
Kart
Halden
59°7′29″ N 11°23′15″ E
Wikimedia Commons: Halden (town)

Halden er ein by og administrasjonssenteret i Halden kommune i Østfold med 26 126 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg langs Tista frå Iddefjorden til Femsjøen, med bysenteret omkring munningen av Tista.

Fredriksten sett frå hamna i Halden.
Foto: Ulf Larsen

Bykjernen ligg på begge sider av Tista, som deler byen i nordsida og sørsida. Det er samband mellom bydelane ved bruer. Busetnaden breier seg utover ved munningen av Tista, særleg på nordsida, men snevrar seg vesentleg inn i det tronge dalføret av elva opp til Tistedalen, fire kilometer frå bysenteret.

På sørsida ligg den opphavlege byen, Empirebyen, med til dels gammal og godt bevart busetnad. Her er også hamna, jernbane- og busstasjon, og torget i byen. Nordsida har fleire villastrøk. Gjennom begge bydelane går hovudgata, Storgata, med dei viktigaste bygningane, forretningsstrøk og parken i byen.

Halden har fylkets største skole- og forskningsmiljø med stiftinga Østfoldforskning, Høgskolen i Østfold med mellom anna lærarutdanning, informasjonsteknologi- og språkutdanning, og vidaregåande skolar. Det er ogå eit sjukehus i Halden.

I byen kjem dagsavisa Halden Arbeiderblad.

Byskildring[endre | endre wikiteksten]

Søylegarden i Svenskegata 10 er frå rundt 1830 og er teikna av Christian Grosch som og har teikna Immanuels kyrkje. Søylegarden er freda.
Foto: A-S. Ofrim
Rød herregard som tilhøyrde familien Tank og Anker i fleire generasjonar.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Ladestaden Halden voks fram på femtenhundretalet som utskipingshamn for trelast til Holland og England. I 1665, etter at byen hadde slått tilbake åtak av svenskane i 1658, 1659 og 1660, fekk staden kjøpstadsprivilegium og namnet Fredrikshald etter kongen, Fredrik III. Namnet blei i 1929 endra attende til det opphavelege Halden.

På sørsida av byen finst fleire freda bygningar, mellom anna Sjøbodane frå tida kring 1830 som blei freda i 1983. På nordsida ligg den gamle Bockrammgården frå 1767, som blei freda 1923, Søylegarden frå kring 1830 blei freda i 1923.

I byen finst ei rekke historiske minnesmerke, framfor alt Fredriksten festning på ei høgde søraust for bysenteret. Her er det kultur- og krigshistorisk museum.

Vest for bysenteret ligg Rød herregård, som vart resaturert i 1902-04. Den eldste delen av herregarden er antakeleg frå 1600-talet. Her ligg administrasjonen til Halden historiske samlinger. Sentralt i bysenteret på nordsida ligg Fredrikshalds teater frå 1838. Teateret opna på nytt etter omfattande restaureringsarbeid i 1982 og er i dagleg bruk. Det er kyrkjer frå mellomalderen i Berg, Rokke og Idd. Hovudkyrkja i Halden, Immanuels kyrkje, er ei krosskyrkje i tegl, bygd 1833 i sein-empire.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Halden_-_tettstedet «Halden_-_tettsted, Halden_-_tettstedet» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no. «Halden – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Halden