Alexander Severus av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander Severus av Romarriket
Bust Alexander Severus Louvre Ma1051 n1.jpg
Romersk keisar
Regjeringstid 222-235
Føregjengar Heliogabalus
Etterfølgjar Maximinus Thrax

Marcus Aurelius Severus Alexandrus (1. oktober 20818. mars 235), kjend som Alexander Severus, var den siste romerske keiseren av det severanske dynastiet. Han herska frå 13. mars 222 til 18. mars 235. Alexander Severus etterfølgde fetteren Heliogabalus etter at denne var blitt drepen. Etter 15 år ved makta blei han sjølv drepen, og militæranarkiet i Romarriket braut ut.

Alexander var fødd i Arca Caesarea i den romerske provinsen Syria som Marcus Julius Gessius Bassianus Alexianus. Både han og keisaren før han, Heliogabalus, var barnebarn av den mektige Julia Maesa. Ho overtalte Heliogabalus til å utropa fetteren sin til cæsar og etterfølgjar. Han endra då namnet sitt frå Bassianus til Alexander.

Etter drapet på Heliogabalus blei den trettenårige Alexander utropt til keisar av Pretoriangargaden, og seinare godkjend av senatet. Mor hans Julia Avita Mamaea utnemnde gode rådgjevarar og stod elles for mykje av styret.

Under Alexander Severus blei nokre av dei siste store byggearbeida i Roma før Diokletian utført. Han bygde Aqua Alexandrina, den siste akvedukten i det gamle Roma for å føra vatn til det utvida badet bygd av Nero og utvida under han.

Romarriket var prega av stadige mytteri under Alexander Severus si regjeringstid. Rådgjevaren hans Ulpianus blei drepen framfor keisaren under opptøyar i Roma. Fleire av offiserane hans i provinshærane blei drepne av opprørske soldatar.

Sasanide-dynastiet voks i Persia marsjerte keisaren mot dei. Han skal ifølgje nokre rapportar ha vunne sigrar, men romarhæren fekk seinare store tap og måtte venda attende. I 232 gjorde legionane i Syria opprør og utropte ein Taurinus til keisar. Alexander Severus slo ned opprøret og Taurinus drukna i Eufrat då han flykta. Keisaren vende tilbake til Roma i triumf i 233.

Året etter truga germanske stammar i Gallia. Då Alexander Severus ville kjøpa fred (eller tid) frå dei blei dette sett på som umilitær oppførsel. Legionærane valde seg ein ny keisar, Maximinus Thrax, og Alexander Severus blei drepen saman med mor si ved Moguntiacum (Mainz). Han var 27 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]