Gallia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Gallia, med grenser frå år 58 fvt.

Gallia er ein for det meste historisk region i Europa. Gallia vart utgjort av Frankrike, Belgia, dei vestlege delane av Sveits og delar av Nederland og Tyskland. Innbyggjarane, gallarane, var eit keltisk folk som tala forskjellige galliske talemål.

Romersk Gallia[endre | endre wikiteksten]

I 390 f.Kr. plyndra gallarane Roma, og i meir enn tre hundre år var dei sterkare enn romarane. Det var først i åra 5851 f.Kr. at Julius Cæsar slo dei og erobra Gallia. Området vart delt i fleire provinsar. Gallia Cisalpīna – Gallia på denne sida av Alpane, hitanfor Alpane - svara i romersk tid til Nord-Italia, landet kring elva Po, som i gamal tid var busett av keltarar. Motsett svara Gallia trānsalpīna - Gallia på hi sida av Alpane - til landet mellom Pyreneane, Alpane og Rhinen. Elva Rubicon markerte grensa mellom den romerske provinsen Gallia Cisalpina i nord og det romerske kjerneområdet i sør.

Vandalar, alanarar og suebiearar kryssa Rhinen og invaderte Gallia den 31. desember 406. I ettertid markerer dette byrjinga til slutten på det romerske styret. Styret tok slutt då guvernøren Syagrius vart slegen av frankarane i år 486.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.