Alexis de Chateauneuf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexis de Chateauneuf

Statsborgarskap Hamburg
Fødd 18. februar 1799
Hamburg
Død

31. desember 1853 (54 år)
Hamburg

Yrke arkitekt
Språk tysk
Ektefelle Caspara Møller
Alexis de Chateauneuf på Commons

Alexis de Chateauneuf (fødd 18. februar 1799 i Hamburg, død 31. desember 1853 i Hamburg)[1] var ein tysk arkitekt og byplanleggjar. Han var ein av dei leiande arkitektane i si tid, utdanna i Hamburg, Paris og Karlsruhe samt eit kortare opphald hos Karl Friedrich Schinkel i Berlin. Chateauneuf spelte ei særleg viktig rolle under gjenoppbygginga av Hamburg etter bybrannen i 1842. Han arbeidde òg i London og Christiania i Noreg.

Akvarell av Chateauneuf (1848) viser dei endringene han foreslo for Vår Frelsers kirke (Oslo domkyrkje) og som stort sett vart gjennomførte.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Chateauneuf sto for ei omfattanda restaurering av Oslo domkyrkje i åra 1848–1850. Han vann òg konkurransen om Trefoldighetskyrkja i Oslo oppført i 1853–58 med Wilhelm von Hanno som utførande arkitekt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arno Berg og Bernhard Hagtvedt: Vår Frelsers kirke, forlaget Land og kirke, Oslo 1950, side 90 ff