Wilhelm von Hanno
Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno (1826-1882) var ein tysk arkitekt, bilethoggar, kunstmålar og grafikar som er opphavsmann til ei rekkje med viktige bygningar i Oslo og elles i Noreg, mellom anna nokre bygg på Akershus festning. Han er også opphavsmannen til «Posthornfrimerka», det eldste frimerkemotivet i verda som er i kontinuerleg bruk, lansert første gong i 1872[1]. von Hanno teikna obelisken som hausten 1854 blei sett opp på Fuglenes i Hammerfest som det nordlege endepunktet for Den russisk-skandinaviske meridianbogen, i 2005 innskrive i UNESCO si verdsarvliste som Struve sin meridianboge (The Struve Geodetic Arc). Meridianbogen strekte seg frå Hammerfest til Svartehavet, og målingane blei utført i tida 1816–1855. I daglegtale blir obelisken kalla «meridianstøtta i Hammerfest».
von Hanno fullførte Trefoldighetskirken i 1853–1858, påbegynt av arkitekt Alexis de Chateauneuf. von Hanno arbeidde i kompaniskap med landsmannen Heinrich Ernst Schirmer i åra 1853–1864. Saman utforma dei mange sentrale bygg i Oslo. Deira forslag til bygning for Stortinget, i tysk-gotisk stil, vann opphavleg anbodskonkurransen.[2] Samarbeidet braut saman i samband med utforminga av arkitektteikningane til Grønland kirke, ein konkurranse von Hanno vann[3].
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno www.artemisia.no
