Alfred J. Lotka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred James Lotka (2. mars 1880–5. desember 1949) var ein USA-amerikansk matematikar, fysikalsk kjemikar og statistikar som særleg er kjend for arbeidet sitt med populasjonsdynamikk (Lotka-Volterra-likningane) og med energetikk.
Lotka vart fødd i Lemberg i Austerrike-Ungarn, det noverande Lviv i Ukraina.