Lviv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 49°51′0″N 24°01′0″E
Lviv
Львів
by
none  Gamlebyen i Lviv.
Gamlebyen i Lviv.
flagg
våpen
Motto: Semper fidelis
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Lviv oblast
Rajon Lviv bykommune
høgd 296 moh
koordinatar 49°51′0″N 24°01′0″E
Areal 182,01 km²
Folketal 756 618 (2012)
 - storby 1 498 000
Tettleik 4 157 / km²
Grunnlagd 1240-1247
 - Magdeburgrettar 1356
borgarmeister Andriy Sadovyj
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 79000
Retningsnummer +380 32(2)
Bilnummer BC (før 2004: ТА, ТВ, ТН, ТС)
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lviv
Nettstad: http://lviv.travel/en/index (engelsk)

http://www.city-adm.lviv.ua (ukrainsk)

Lviv (ukrainsk Львів, polsk Lwów, litauisk Lvovas, tysk Lemberg, russisk Львов ; latinsk Leopolis, dvs. «Løvestad») er ein by vest i Ukraina. Byen vert rekna som det største kultursenteret i Ukraina i dag. Det historiske hjartet i byen med gamle bygningar og brusteinsgater overlevde andre verdskrigen og den påfølgjande sovjettida stort sett uskadd. Byen har mange industriar og institusjonar for høgare utdanning, som Lviv universitet og Lviv polyteknisk. Lviv har òg mange kulturinstitusjonar som eit filharmonisk orkester og det kjende Lviv opera og ballett. Gamlebyen er innskriven på verdsarvlista til UNESCO. Omkring halvparten av alle kulturminna i Ukraina finst i Lviv.

Byen har dagleg flysamband med Warszawa, Frankfurt og Wien.

I 2009 kåra det ukrainske magasinet Focus Lviv til den beste ukrainske byen å bu i.[1] Sidan byen har ein vesteuropeisk atmosfære vert han kalla Ukrainas vesle Paris.

Byen var ein av vertskapsbyane under UEFA Euro 2012.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som ein mellomalderby i Raud Rutenia vart Lviv grunnlagd i 1240-åra av kong Daniel av Galizia frå det rutenske fyrstedømet Halytsj-Volhynia og kalla opp etter sonen hans, Lev. Byen er først nemnd i skriftlege kjelder i 1256 då ein brann i byen Chełm vart sett frå Lviv. I 1349 vart Raud Rutenia og Lviv innlemma i Kongedømet Polen av kong Kasimir III den store. Lviv høyrte til Polen 1349–1772, Det austerrikske imperiet 1772–1918 og Den andre polske republikken 1918–1945. I denne perioden fungerte byen som eit stort polsk og jødisk kultursenter og polakkar og jødar utgjorde majoriteten av folkesetnaden fram til den andre verdskrigen braut ut. Då Tyskland og Sovjetunionen invaderte Polen under andre verdskrigen vart Lviv og Lwów voivodskap okkupert og annektert av Sojvetunionen og vart ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken frå 1939 til 1941. Mellom juli 1941 og juli 1944 var Lviv under tysk okkupasjon og høyrte til Generalguvernementet. I juli 1944 vart byen erobra av den raude armeen og den polske heimearmeen. Etter avtalar i Jaltakonferansen vart Lviv innlemma i Ukrainske SSR. Dei fleste polakkane i Lviv vart overførte til polske område.

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart byen ein del av det no sjøvlstendige Ukraina, og er i dag det administrative senteret i Lviv oblast.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lviv har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb) med kalde vintrar og mild somrar[2]. Middeltemperaturen er -3,1 °С i januar og 18,3 °С i juli.[3] Årsmiddelnedbøren er 745 mm og mest nedbør kjem om sommaren.[3] Lviv får omkring 1809 soltimar i året[4]

Klimadata for Lviv
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 13.8 17.7 22.4 28.2 32.2 33.4 36.3 35.1 31.0 25.3 21.6 16.5 36,3
Normal maks. temp. °C -0.1 1.3 6.3 13.6 19.4 22.0 23.9 23.5 18.3 12.9 6.0 0.9 12,3
Døgnmiddeltemp. °C -3.1 -2.2 1.9 8.3 13.8 16.4 18.3 17.7 13.0 8.1 2.6 -1.8 7,8
Normal min. temp. °C -6.1 -5.5 -1.7 3.6 8.4 11.3 13.2 12.5 8.4 4.1 -0.3 -4.6 3,6
Kulderekord °C -28.5 -29.5 -24.8 -12.1 -5.0 0.5 4.5 2.6 -3.0 -13.2 -17.6 -25.6 -29,5
Nedbør (mm) 40 44 45 52 89 89 96 76 67 51 49 47 745
Normal mengd nedbørdagar 9 9 11 14 16 17 16 14 14 14 13 11 158
Normale månadlege solskinstimar 65.1 79.1 111.6 189.0 226.3 237.0 254.2 223.2 180.0 148.8 57.0 37.2 1 808,5
Kjelde nr. 1: Pogoda.ru.net[3]
Kjelde nr. 2: HKO (sun only 1961-1990).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lviv is the best city for living i Ukraine – rating, UNIAN (12 June 2009)
  2. Kottek, M.; J. Grieser, C. Beck, B. Rudolf og F. Rubel (2006). «World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated». Meteorol. Z. (3): 259–263. doi:10.1127/0941-2948/2006/0130. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. http://pogoda.ru.net/climate/33393.htm. Henta 21 April 2012. 
  4. 4,0 4,1 Climatological Information for L'vov i Ukraina, Russland, accessed 21 April 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Lviv frå Wikivoyage