Alfred S. Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred S. Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. september 1891
Trondenes kommune
Død

2. august 1977 (85 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Alfred Sigurd Nilsen (4. september 18912. august 1977) var ein norsk fiskar, arbeidar og politikar frå Trondenes i Troms. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tidsromma 1937-45 og 1950-57.

Nilsen, som var son til ein gardbrukar i Trondenes, livnærte seg som fiskar og arbeidar i åra fram til 1909. Dei neste elleve åra var han anleggsarbeidar, mellom anna tre år vegarbeidar i heimfylket, eitt år var han baneleggjar i Jämtland og i 1914 arbeidde han på Aura-anlegget i Sunndal. Under fyrste verdskrigen arbeidde han på fleire ulike anlegg i Nord-Noreg, før han 1917-20 arbeidde i Harstad. Frå 1922 var han i fleire tiår tilsett i eit svensk malmselskap i Narvik.

Nilsen var medlem av bystyret i Narvik i tida 1925-40 og på ny 1945-1960. Han var ordførar frå hausten 1945 til ut året 1951. Lokalt var han formann i Tilsynskomiteen for Ofotbanen, og leiar av hamnestyret i Narvik i atten år; 1945-63. Nasjonalt var han 1929-49 med i hovudstyret i Norsk Transportarbeiderforbund.

Frå 1937 til 1945 var Nilsen stortingsrepresentant frå kjøpstadene i Nord-Noreg for Arbeidarpartiet. Etter å ha vore ute av Tinget ein periode, vart han hausten 1949 vald inn til si andre periode. Hausten 1953 var Nilsen vald inn på Stortinget for tredje gong, men då for valkrinsen Nordland fylke. Han var 1950-51 medlem i Militærkomiteen, sidan var han medlem i Skog- vassdrags- og industrikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi