Trondenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondenes
Land  Noreg
Kart
Trondenes kommune
68°49′04″N 16°33′02″E / 68.81777°N 16.55049°E / 68.81777; 16.55049

Trondenes er ein bydel nord i Harstad, i Troms.

Trondenes var tidlegare ein eigen kommune i, oppretta i 1838. Frå 1. januar 1904 vart Harstad skilt ut som eigen bykommune. Trondenes var den største kommunen i Troms etter folketal fram til 1910-talet, då han vart passert av Tromsø. I 1926 vart Sandtorg og Skånland også skilt ut frå Trondenes kommune. I 1964 vart Trondenes, Sandtorg og Harstad slått saman til den nye storkommunen Harstad.

Geistleg inndeling[endre | endre wikiteksten]

Trondenes er også eit prestegjeld i Trondenes prosti i Nord-Hålogaland bispedømme.

Trondenes prestegjeld omfattar i tillegg til Trondenes sokn også Grytøy sokn og Bjarkøy og Sandsøy sokn.

Trondenes prosti omfattar følgjande prestegjeld i tillegg til Trondenes: Sandtorg, Harstad, Ibestad, Skånland, Kvæfjord og Gratangen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bjarkøy og Trondenes var viktige politiske sentrum frå slutten av vikingtida og gjennom mellomalderen.

Trondenes kyrkje frå ca. 1250 er verdas nordlegaste steinkyrkje frå mellomalderen. Ho står på ein av dei tidlegaste og viktigaste kyrkjestadene i Hålogaland.

Sjøvegen har alltid lege der klar til bruk, og dampskip i rute langs kysten gjekk frå starten innom Sandtorg og Trondenes. I 1844 vart Trondenes erstatta av Harstadhamn og frå 1848 Harstadsjøen. Dette var første steg mot utviklinga av Harstad som by.

Trondenes sin sentrale posisjon vert også understrek av at Trondenes fort, bygd i 1943 av den tyske okkupasjonsmakta, vart utstyrt med heile fire av verdas største, landbaserte kanoner, i eit anlegg kjend som Adolfkanonen.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Trondenes kommune frå 1930 til 1964:

1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964[3]
3429 4045 4398 6094 6567

Turistmål og severdigheter[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  3. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)