Allemande
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein allemande (av fransk for «tysk») er ein av dei mest populære instrumentale danseformene i barokkmusikk og eit standardelement i ein suite. Opphavleg danna allemanden den første satsen i ein suite, før couranten, men seinare vart det ofte plassert ein annan sats i starten, som eit preludium.
Allemanden hadde opphavet sitt på 1500-talet (renessansen) som ein todelt taktartdans i moderat tempo, frå dansar som visstnok var populære i Tyskland på denne tida.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Allemande» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
«Allemande». Encyclopædia Britannica (11. ed.). 1911.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: