Dans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dansande etruskarar.

Dans er menneskelege rørsler knytte til musikk eller rytme. Det er eitt av dei eldste uttrykka for menneskeleg kultur, og finst i alle samfunn. Dansen kan utførast i samband med ein religiøs rite eller for å underhald dansarer eller tilskodarar. Dei fleste dansar har fastsette reglar for korleis ein skal utføra dei. Koreografi er kunsten å laga eller iscenesetta dansar for framføring.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Klassisk japansk dans

Som med musikk kan ein grovt dela dans inn i to grupper: Folkedans, som tradisjonelt har vorte dansa av folk flest i det miljøet han kjem frå, og klassisk eller scenisk dans, som vert dansa av profesjonelle utøvarar. Midt imellom ligg vestleg selskapsdans, som vert dansa av både amatørar og profesjonelle. Denne og liknande typar dans har òg blitt til eigne idrettsgreiner. Andre typar idrett, som synkronsymjing og ein del kampsportar, kan òg seiast å slekta på dans.

Bruk og syn[endre | endre wikiteksten]

Tarairiu-dansarar frå Brasil, måla av Albert Eckhout.

Dans er blitt brukt frå førhistorisk tid til å styrka samfunnsband og uttrykka religiøse førestillingar eller myter. Han har òg vorte brukt som opprørsform, til dømes capoeira-dansen frå Brasil, og som erotisk uttrykksform, som den argentinske tangoen. Mellom anna på grunn av dette har ein andre stader sett på han som syndig, og bannlyst all dans eller ei viss danseform. Dette gjeld mellom anna visse pietistiske miljø i Noreg, men òg rave-dansen, på grunn av at ein oppfattar han som tett knytt til narkotikaforma ecstasy.

Sjiva framstilt som kongen av dans, Nataradja

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I hinduismen er guden Sjiva sterkt knytt til dans, både i samband med den evige dansen til universet og i forma som øydeleggjar ved slutten av kvar verdssyklus, når han danser den øydeleggjande dansen tandava.

I den greske antikken hadde dans ei særskild stilling som ein viktig del av teateret og i oppsedinga av unge. Han hadde òg si eiga muse, Polyhymnia.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Danseforsking er eit relativt nytt fag. Medan ein lenge har studert kunstgjenstander, litteratur og teaterforma, byrja ein berre å studera dans systematisk for rundt femti år sidan. Før dette hadde ein likevel samla inn og skildra danseformer ein var redd skulle døy ut, til dømes norsk folkedans.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dans