Already Gone av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Already Gone
Singel av Eagles
frå albumet On the Border
B-side

«Is It True»

Språk engelsk
Utgjeve 19. april 1974
Innspelt 1973
Sjanger hardrock,[1] countryrock[2]
Lengd 4:13
Selskap Asylum
Komponist Jack Tempchin
Låtskrivar(ar) Jack Tempchin, Robb Strandlund
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«Outlaw Man»
(1973)
Already Gone «James Dean»
(1974)


«Already Gone» er ein song av det amerikanske rockebandet Eagles for albumet On the Border i 1974. Han var skriven av Jack Tempchin og Robb Strandlund, og produsert av Bill Szymczyk.

Songen var den første singelen frå On the Border og nådde 32. plassen på Billboard Hot 100. Sidan då har songen vore med på samlealbum og konsertane deira. Tanya Tucker og Wilson Phillips har begge spelt songen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I omslaget for The Very Best Of seier Glenn Frey at Tempchin sendte han eit lydband med songen i posten. Tempchin hadde alt skriven ein tidlegare singel for Eagles, «Peaceful Easy Feeling».[3]

«Already Gone» var ein av dei første songane Eagles spelte inn etter dei flytta til Los Angeles, og han vart spelt inn av Bill Szymczyk.[3] Frey var solovokalist på songen.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Already Gone» er opningssporet på On the Border, som kom ut på Asylum Records den- 22. mars 1974. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i april 1974.[5][6] B-sida til singelen var «Is It True».[5]

Songen finst òg på somme av samlealbuma til Eagles, som Their Greatest Hits (1971–1975) og The Very Best Of.[7][8]

Songen nådde 32. plassen på Billboard Hot 100 den 29. juni 1974, og låg tre veker på Topp 40, og i alt 15 veker på lista.[9] Han er rangert som den 206. største hitten i USA i 1974.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"[5]

  1. «Already Gone»
  2. «Is It True»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering

position

Billboard Hot 100[9] 32

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Already Gone» vart spelt inn av Tanya Tucker i 1993 for albumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Songen vart òg spelt inn av Wilson Phillips i 2004 for albumet California.[11]

Ein finsk versjon kalla «Alan Sooloilemaan» vart spelt inn av Karma i 1977 for albumet Morjens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic «[For «On the Border"] the band wanted to take more of a hard rock direction... They got what they wanted on «Already Gone», the lead-off spor"
  2. http://www.azcentral.com/story/entertainment/music/2014/09/30/eagles-albums-best-hotel-california-one-nights/16485703/
  3. 3,0 3,1 Crowe, Cameron (2003). «Conversations with Don Henley and Glenn Frey". In The Very Best Of (p. 13) [CD booklet]. Warner Music Group.
  4. Eliot, Marc (2004). To the Limit: The Untold Story of the Eagles[daud lenkje]. Da Capo Press. s. 313.
  5. 5,0 5,1 5,2 Strong, Martin Charles (2006). The Essential Rock Diskografi. Canongate U.S. s. 345.
  6. Ruhlmann, William. «Eagles". allmusic.com. Henta 30. desember 2011.
  7. «Their Greatest Hits (1971-1975) - Eagles". allmusic.com. Henta 30. desember 2011.
  8. «The Very Best Of - Eagles" Arkivert 2011-12-05 ved Wayback Machine.. allmusic.com. Henta 30. desember 2011.
  9. 9,0 9,1 «Already Gone - Eagles". billboard.com. Henta 30. desember 2011.
  10. http://www.bullfrogspond.com/whitburn/1974wye.htm
  11. Gardner, Elysa. «Wilson Phillips: 'California' dreaming". usatoday.com. 17. juni 2004. Henta 30. desember 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]