Desperado av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desperado
Studioalbum av Eagles
Språk engelsk
Utgjeve 17. april 1973[1]
Innspelt 1973 i Island Studios, London, England[2]
Sjanger Rock, countryrock, folkrock
Lengd 35:40[1]
Selskap Asylum
Produsent Glyn Johns[2]
Eagles-kronologi 
Eagles
(1972)
Desperado On the Border
(1974)
Singlar frå Desperado
  1. «Tequila Sunrise»
    Utgjeve: 17. april 1973
  2. «Outlaw Man»
    Utgjeve: 6. august 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[3]
Robert ChristgauC[4]
Rolling Stone3/5 stars[5]

Desperado er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Eagles. Det vart spelt inn i Island Studios i London i Storbritannia og gjeve ut i 1973. Desperado er eit konseptalbum basert på tema frå Det ville vesten. Opphavleg arbeidde Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, og J.D. Souther på ei rekkje songar om anti-heltar, men hadde ikkje fleire idear etter at dei hadde skrive «Doolin' Dalton» og «James Dean». Sistnemnde vart lagt på hylla og dei byrja i staden å skrive songar med temaet dei kom opp med i «Doolin' Dalton».[6]

Bandmedlemmane er avbilda på plateomslaget kledd som ein lovlaus gjeng. Desperado er det einaste Eagles-albumet der medlemmane i bandet er på framsida.

Sjølv om tittelsporet er ein av signaturlåtane til Eagles, vart han aldri gjeven ut på singel. Songen «Desperado» vart rangert på 494. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var falle ut av denne lista på den oppdaterte lista som kom i 2010. Albumet inneheldt to andre singlar: «Tequila Sunrise» og «Outlaw Man». Desse to nådde høvesvis 64. plassen og 59. plassen på singellista i USA. Sjølve albumet nådde 41. plassen på albumlista i USA og selde to millionar eksemplar.

Desperado var det siste albumet til Asylum Records som vart distribuert i Nord-Amerika av Atlantic Records, før Asylum i midten av 1973 vart slått saman med Elektra Records.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

AllMusic-skribenten William Ruhlmann hylla det at Henley var meir involvert på dette enn det førre albumet og skreiv at «det var både meir ambisiøst og seriøst enn føregangaren, men samstundes noko lettare og mindre konsistent.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalistLengd
1.«Doolin-Dalton»Glenn Frey, J.D. Souther, Don Henley, Jackson BrowneDon Henley, Glenn Frey3:26
2.«Twenty-One»Bernie LeadonBernie Leadon2:11
3.«Out of Control»Henley, Frey, Tom NixonGlenn Frey3:04
4.«Tequila Sunrise»Henley, FreyGlenn Frey2:52
5.«Desperado»Henley, FreyDon Henley3:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalistLengd
6.«Certain Kind of Fool»Randy Meisner, Henley, FreyRandy Meisner3:02
7.«Doolin-Dalton (Instrumental)»Frey, Souther, Henley, Browne 0:48
8.«Outlaw Man»David BlueGlenn Frey3:34
9.«Saturday Night»Meisner, Henley, Frey, LeadonDon Henley, Randy Meisner3:20
10.«Bitter Creek»LeadonBernie Leadon5:00
11.«Doolin-Dalton / Desperado (Reprise)»Frey, Souther, Henley, BrowneDon Henley4:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1973) Plassering
US Billboard 200[8] 41
Canada RPM 100 Album[9] 35
UK (The Official Charts Company)[10] 39
New Zealand (Top 50 Album)[11] 40
Singlar
  • «Tequila Sunrise»/«Twenty-One» - utgjeve 17. april 1973
  • «Outlaw Man»/«Certain Kind of Fool» - utgjeve 6. august 1973
År Single Liste Plassering
1973 «Outlaw Man» Billboard Pop Singles 59
1973 «Tequila Sunrise» Billboard Pop Singles 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 William Ruhlmann. «Desperado - Eagles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 Desperado (CD liner). Eagles. Asylum Records. 1973. 5068-2. 
  3. Ruhlmann, William. «Desperado». Allmusic. Henta 17. august 2015. 
  4. Christgau, Robert. «The Eagles: Desperado». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 26. august 2012. 
  6. The Very Best of the Eagles (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971. 
  7. http://www.allmusic.com/album/desperado-mw0000193646
  8. «Desperado > Charts & Awards > Billboard Album». Allmusic. Henta 5. januar 2012. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 5. januar 2012. 
  10. «Eagles - Desperado». Chart Stats. 24. april 1976. Henta 5. januar 2012. 
  11. Steffen Hung. «Eagles - Desperado». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 5. januar 2012.