Altasaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merke for støtte til Altaaksjonen, på nordsamisk

Altasaka, av somme kalla Altaaksjonen og Stillaaksjonen, var eit av dei mest bitre stridsemna i Noreg på siste halvdel av 1900-talet. I første fasen gjaldt saka motstand frå lokale interesser mot NVE sine planar for vasskraftutbygginga i Alta- Kautokeinovassdraget, som omfemna neddemming av delar av Finnmarksvidda med bygda Masi. Seinare kom planar som skåna bustadområda, medan motstanden tok form av ein landsomfattande folkeaksjon med 90 lokallag og 20 000 medlem. 8. oktober 1979 fekk Stortinget konflikten nært inn på seg då ei gruppe samar reiste telt framføre Løvebakken og innleia hungerstreik. Konflikten toppa seg 14. januar 1981 då den største samlinga av norske politistyrkar etter krigen vart sett inn for å rydde anleggsområdet i Stilla for aksjonistar.

Sett frå styresmakta var kjernen i Altasaka ei vasskraftutbygging og gjennomføring av eit lovleg fatta vedtak i Stortinget. Men mange menneske såg fleire fasettar i saka: Samane og mange andre såg saka som eit brotsverk mot urfolket frå storsamfunnet, miljørørsla såg ei symbolsak, saka gjaldt også kulturminnevern og mange tenkte nok at det heile dreia seg om ein prestisjekamp frå det sentral politiske miljø som store delar av folket og kanskje mange politikarar med eigentleg var imot. Den siste teorien fekk ny næring i 1989Gro Harlem Brundtland innrømma at utbygginga likevel ikkje var naudsynt. Det har vore hevda at tross gjennomføringa av prosjektet gjorde all publisiteten at miljørørsla vann ein siger i opinionen og at samane vann ein siger for eit positivt syn på rett til samisk sjølvstyre.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]