Altmühl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altmühl
Altmühltal
Altmühltal
Utspring Mittelfranken
Munning Donau
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd ±220 km
Nedslagsfelt 5 225 km²

Altmühl er ei elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Ho er om lag 230 km lang.

Altmühl har sitt utspring nær byen Ansbach. Frå her renn elva søraustover som ei lita elv og renn ut i Altmühlsee nord for Gunzenhausen. Etter Gunzenhausen tar elva ein stor sving rundt Fränkische Alb, og her går ho inn i Altmühldalen naturpark.

Altmühl renn gjennom byane Treuchtlingen, Eichstätt og Beilngries. Etter Dietfurt er elveleiet retta opp og er ein del av ein kanal som knyter elvane Main og Donau saman (Rhin-Main-Donau-kanalen).

Altmühl munnar til slutt i Donau i Kelheim.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]