Main

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Main
Main i Würzburg
Main i Würzburg
Utspring Oberfranken
Munning Rhinen
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 529 km
Middelvassføring ±200 m³/s
Nedslagsfelt 27 292 km²
Kart som viser Main i Tyskland

Main er ei stor elv i Bayern og Hessen i Tyskland, og ei av dei store sideelvane til Rhinen med ei lengd på 524 km (574 km inkludert Kvite Main. Ho renn gjennom Bayern og Hessen, men nokre kilometer dannar ho grensa mellom Bayern og Baden-Württemberg. Ho har eit nedslagsfelt på over 27 000 km², som grensar til Donau sitt nedslagsfelt. Denne grensa er derfor ein del av det europeiske vasskiljet.

Main har sitt utspring nær Kulmbach der dei to elvane Raude Main og Kvite Main renn i hop. Raude Main er den lengste av dei to med ei lengd på 50 km, og ho har sitt utspring i Frankisk Alb og renn gjennom Creussen og Bayreuth. Kvite Main har utspring i fjella Fichtelgebirge og er 41 km lang. Store sideelvar til Main er Regnitz, Fränkische Saale, Tauber og Nidda.

Den største byen langs Main er Frankfurt am Main. Frå kjelda renn Main gjennom følgjande byar og landsbyar: Burgkunstadt, Lichtenfels, Staffelstein, Eltmann, Haßfurt, Schweinfurt, Volkach, Kitzingen, Marktbreit, Ochsenfurt, Würzburg, Karlstadt, Gemünden, Lohr, Marktheidenfeld, Wertheim am Main, Miltenberg, Obernburg, Aschaffenburg, Seligenstadt, Hainburg, Hanau, Offenbach, Frankfurt, Hattersheim, Flörsheim og Rüsselsheim. Main munnar ut i Rhinen ovanfor Mainz i landkreis Wiesbaden (Mainz-Kostheim), og er då ei svært stor elv.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Main er framkommeleg for transport frå munningen i Rhinen via Rhine-Main-Donau-kanalen og den regulerte elva Altmühl og heilt til Donau. Elva er kanalisert med 34 sluser (300 m x 12 m) slik at elvebåtane kan gå heile elva. Dei 16 slusene i Rhinen-Main-Donau-kanalen har same dimensjon, og det same har slusene i Donau.

Elva er forholdsvis svingete, og om ho hadde vore rett hadde ho berre vore om lag halvparten av lengda. Sidan elva er forholdsvis smal i dei øvre delane er skipsfarten derfor krevande her. Elva har ein posisjon som ein svært viktig del av den indre vassvegen mellom Nordsjøen og Svartehavet[1].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Main

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek