Alto de El Angliru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angliru sett frå toppen av Monsacro.

Alto de El Angliru (òg kalla La Gamonal) er ein bratt fjellveg i Asturias, nær La Vega-Riosa, nord i Spania. Han er ein av dei mest krevande bakkane i profesjonell sykling og er nytta i Vuelta a España.

Arrangørane av Vuelta a España ønskte eit fjell som kunne kappast med Alpe d'Huez og Mont Ventoux i Tour de France og Stelvio og Mortirolo i Giro d'Italia. Angliru vart ein del av rittet i 1999. Etappen opp til Angliru vart vunne av José Maria Jiménez.

Toppen av bakken ligg 1573 meter over havet. Høgde skilnaden er 1266 meter og vegen er 12,5 km lang med ei gjennomsnittleg stiging på 10,13 %. På det brattaste er vegen 24 %, og dei siste seks kilometrane er 13,1 %.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°13′17″ N 5°56′33″ W