Aluminiumoksid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aluminiumoksid

Aluminiumoksid er eit mineral med kjemisk formel Al2O3. I naturleg form vert aluminiumoksid kalla korund. Al2O3 inngår i mange andre mineral som feks. bauksitt.

Stoffet er eit oksid av aluminium. Det er eit kvitt, fast stoff.

Metallisk aluminium reagerer lett med oksygen, men oksidlaget som vert danna vernar metallet mot vidare oksidasjon.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Aluminiumoksid er eit viktig råstoff i samband med produksjon av aluminium. Gjennom smelteelektrolyse i ein elektrolytt som i hovudsak består av kryolitt vert oksidet redusert til aluminium. Oksygenet reagerer med karbon ved anoden og dannar CO2- eller CO-gass.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.