Bauksitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bauksitt

Bauksitt (eller bauxitt) er ein leireliknande bergart som vanlegvis inneheld ein eller fleire aluminiumhydroksid pluss ulike mineral som jernmalm, kvarts, titanoksid og aluminiumsilikat. Det finst i naturen og blir hovudsakleg omdanna industrielt til aluminiumoksid (Al2O3), som igjen blir brukt som råstoff for produksjon av aluminium.

Hovudkjelder for bauksitt er land som Jamaica, Surinam, Brasil og Australia.

Materialet har fått namnet sitt etter byen Les Baux de Provence som ligg sør i Frankrike. Her blei det oppdaga i 1821 av geologen Pierre Berthier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!