Amhara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Amhara-provinsen i Etioia.

Amhara (አማራ) er eit område nord i Etiopia, i dag ein provins (kililoch) med Bahir Dar som hovudstad. Området har gjeve namn til amharisk språk og folkegruppa amharaer, som har kjerneområdet sitt her. Regionen har eit estimert folketal på 19 120 005 (Central Statistical Agency of Ethiopia, 2005). Han var tidlegare referert til som Region 3.

Den største innsjøen i Etiopia, Tanasjøen, og det høgaste punktet, Ras Dashan i nasjonalparken Semien, ligg i Amhara.

I Etiopias mellomalder var Amhara delt inn i ulike provinsar, som Gondar, Gojjam, Begemder og Lasta.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Amhara har eit folketal på 19 120 005, consisting of 9 555 001 menn og 9 565 004 kvinner. 16 925 000 eller 88.5 % av innbyggjarane bur på landsbygda, 2 195 000 eller 11.5% bur i byane. Med eit flatemål på 159 173,66 kvadratkilometer, har region ein folketettleik på 120,12 per kvadratkilometer, basert på tal frå Central Statistical Agency i Etiopia (CSA) publisert i 2005.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Flag of Ethiopia.svg
Regionar i Etiopia
Afar  | Amhara  | Benishangul-Gumaz  | Gambela  | Harari  | Oromia  | Somali  | Den sørlege regionen  | Tigray
Byar med eigen status: Addis Ababa  | Dire Dawa


Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.