Afarregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Etiopia med Afarregionen avmerkt.

Afar er eim av dei ni delstatane (kililoch) i Etiopia. Han var tidlegare kjend som Region 2. Delstatshovudstaden er Semera, som avløyste den tidlegare hovudstaden Asayita.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I følgje tal frå Central Statistical Agency i Etiopia har Afar eit estimert folketal på 1 389 004 (2005), 90,9 % av dei busette på landsbygda.

Afar er det viktigaste språket i regionen og blir tala av 90,8 % av innbyggjarane. Andre store språk er amharisk (6,68 %), tigrinja (0,74 %), oromo (0,68 %), argobba (0,4 %) og wolaitigna (0,26 %).[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I regionen finn ein Afarsenkingam, eit lågtliggande, varmt og tørt område danna som eit møtepunkt mellom tre jordskorpeplater. Det var i Hadar]i Afarsenkinga at ein fann «Lucy»-skjelettet, eit over tre millionar gammalt skjelett av ei Australopithecus afarensis-kvinne, det eldste og mest fullstendige skjelettet som er funne av tidlege menneske i Afrika. I regionen er det funne fleire andre skjelettdelar av ulike mennesketypar, og tidlege steinverktøy.

Administrative distrikt[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre regionane i Etiopia er Afar delt inn i mindre administrasjonsområde. Desse har ikkje namn, men blir kalla administrasjonssone 1-5. I tillegg har området ein argobba-woreda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikipedia oppgjev referansen: FDRE States: Basic Information - Afar, Population (accessed 12 March 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]