Anadromi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laks som vandrar opp i ferskvatn for å gyta kan ofte forsera særs kraftige stryk.

Anadromi er eit vandringsmønster hjå fisk som gyter og vert klekka ut i ferskvatn, men som vanlegvis lever heile det vaksne livet sitt i saltvatn. Fisk som lever på denne måten vert kalla anadrome, og kan ofte gå gjennom til dels særs imponerande vandringar før dei vender attende mot elva dei vart klekt i.

Mellom dei mest kjende anadrome fiskane kan me nemna laksefisk som laks, sjøaure og sjørøye. Det finst òg reine ferskvassbestandar av desse artane, men det vanlege er at dei vaksne lever i havet. Hjå mange artar døyr fisken rett etter at han har gytt, men somme (mellom anna laks) kan symja attende til havet og leva til neste gytesesong. Anadromi førekjem òg hjå andre fiskegrupper, mellom anna hjå havniauge, maisild, stamsild, stør og trepigga stingsild.

Anadromi står i motsetnad til katadromi.