Laksefisk
| Laksefisk | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Actinopterygii | |
| Infraklasse: | Teleostei | |
| Orden: | Salmoniformes | |
| Vitskapleg namn | ||
| Salmoniformes | ||
Laksefisk er ein orden beinfisk som er utbreidd både i ferskvatn og saltvatn, hovudsakleg på den nordlege halvkula. Ein god del av artane er dessutan anadrome, det vil seie at dei gyter i ferskvatn men lever vaksenlivet sitt i havet. Mange av fiskane i gruppa er viktige både som mat- og sportsfisk.
Gruppa omfattar mange av dei viktigaste fiskeslaga i ferskvatn i Noreg. Av artar i ordenen kan me nemna laks, aure, røye, sik, lågesild og harr.
Kjenneteikn [endre]
Laksefisk vert rekna som relativt primitive beinfisk, m.a. sidan dei har bukfinnane langt bak og brystfinnane langt nede på kroppen. Fiskane i gruppa er stort sett spoleforma med ei viss grad av flattrykking frå sidene.
Laksefisk har feittfinnar mellom rygg- og halefinnane sine. Dette er eigentleg ikkje ekte finnar, men feittstrukturar som manglar finnestrålar og tener til å hindra danning av straumvirvlar og såleis hindra turbulens.
Dei største laksefiskane kan oppnå lengder på 150 cm og ei vekt på godt over 50 kg.
Kjelder [endre]
- Jonsson, Bror: «Laksefisker» i Norges dyr, Cappelen 1992
- FishBase