Ananias Dekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ananias Dekke

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juli 1832
Bergen
Død

22. mai 1892 (59 år)

Yrke kunstsamlar, politikar, forretningsdrivande, skipsbyggjar

Ananias Christopher Hansen Dekke (22. juli 183222. mai 1892) var ein norsk skipskonstruktør, i si tid den viktigaste byggjaren av treskip i landet.[1]

Som ung lærte han å måla og som far sin, å baka. Han gjekk ved Bergen katedralskole 1844, men i 1848 byrja han ved Brunchorst & Bredal, eit skipsverft ått av familien Brunchorst sidan skipinga i 1784 (sjå Verftet i Bergen. Dekke gjekk i 1852 eitt år i lære hos McKay i Boston. Han gifta seg i 1864 med Rebekka Arloug Stoltz som han fekk åtte barn med. Dei budde i Kalfarveien 53.

Attende i Bergen kjøpte han halve verftet og dreiv det under namnet Brunchorst & Dekke fram til han døydde i 1892. Dei bygde 41 seglskip og 14 dampskip og dokken heitte Dekkedokken eller Dikkedokken.[2] Enkja og sønene overtok.

Dekke sat i bystyret 1859-72, 1877-92 og formannskapet 1865-69, og var suppleant til Stortinget 1880-82. Ananias Dekke var morfar til skipsreiar Erling Dekke Næss og filosofen Arne Næss. Den store kunstsamlinga til Dekke vart seld til Rasmus Meyer i 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ananias Dekke i Norsk biografisk leksikon
  2. W. M. (Wilhelm Melchior) Schjelderup (1903). Bergens næringsliv i ældre og nyere tid i tekst og billeder. Kristiania.