Kunstsamlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kunstsamlar er nemninga for ein person som for eigne økonomiske middel skaffar seg kunstgjenstandar for å lage seg ei samling av til dømes av skulpturar, målarstykke eller anna som vert definert som kunstverk, og som ikkje sjølv har laga verka som samlinga femnar om. Ein kunstnar som lagar seg ei samling av eigne verk, slik Edvard Munch gjorde i si tid og testamenterte til kommunen, er såleis ikkje ein kunstsamlar i den vanlege tydinga av omgrepet.

Sjølv om ein kunstsamlar kan ha ekspertise og teft til òg å vere kunsthandlarar, det vil seie å drive forretningsverksemd ved å kjøpe og selje kunstverk i den opne marknaden eller som agentar for kunstnarar, er det berre for den delen av verksemda som som går ut på å kjøpe verka for å eige dei sjølv, at vedkomande vert rekna som kunstsamlar. Samlinga til ein kunstsamlar kan vere heilt løynd for ålmenta, eller kan vere meir eller mindre kjend og tilgjengeleg.

Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst i Oslo, skipa av skipsmeklar Hans Rasmus Astrup på grunnlag av den kunstsamlinga han hadde skaffa seg, er eit døme på eit privat kunstmuseum som er ope for ålmenta. Astrup Fearnley Samlingen, som skriv seg attende til 1960-talet og stendig vert utvikla og utvida med nye innkjøp, er ei av dei viktigaste og største private samlingar av internasjonal og norsk samtidskunst i Noreg.

Mange opne kunstmusé i Noreg og i utlandet som er organisert som stiftingar eller på anna måte, eller er i offentleg eige, har som fundament ei kunstsamling som har vore eigd av ein eller fleire private kunstsamlarar, og med tida vorte donert til stiftinga eller til det offentlege. Tretjakovgalleriet i Moskva, som har sin basis i ei samling som forretningsmannen Pavel Tretjakov gav til den russiske nasjonen, er eit døme på dette. Bergen kunstmuseum i Bergen er eit anna døme ved å ha mykje av sin basis i både ei viktig samling av måleri og andre kunstgjenstandar som arvingane etter forretningsmannen og kunstsamlaren Rasmus Meyer gav til Bergen kommune i 1916, og ei samling som finansmannen og kunstsamlaren Rolf Stenersen gav til Bergen by for tiparten av verdien i 1971. Rasmus Meyers samling femnar om verk av Mathias Blumenthal, J.C. Dahl og nasjonalromantikarane, Gerhard Munthe, Christian Krohg, Harriet Backer, Thorvald Erichsen, Nikolai Astrup, Henrik Sørensen og Edvard Munch, medan Rolf Stenersens kunstsamling femnar om viktige verk av Pablo Picasso, Paul Klee, CoBrA-kunstnarar som Asger Jorn, Pierre Alechinsky, Corneille (eigenleg: Guillaume Cornelis van Beverloo) og Egill Jacobsen, og elles vidgjetne kunstnarar som Victor Vasarely, Nicolas de Staël, Karl Dahmen og Rufino Tamayo, og dessutan av Edvard Munch.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!