Anatolij Fomenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anatolij Timofejevitsj Fomenko (russ.Анато́лий Тимофе́евич Фоме́нко; (fødd 13. mars 1945) er ein russisk doktor i fysikk og matematikk og medlem i Det russiske vitskapsakademiet. Han er professor ved Universitetet i Moskva.

Fomenko vart fødd i Donetsk i Sovjetunionen (i det noverande Ukraina.) Anatolij Fomenko er forfattar av ei rekkje bøker om utviklinga av nye statistiske metodar og det å bruka dei til å analysera historiske krønike, samt antikken og mellomalderen. Fomenko er ein forkjempar for å drastisk revidera kronologisk historie. Han har skapt sin eigen revisjon som vert kalla Ny kronologi, som er basert på statistiske tilhøve, og å studera matematikk og astronomi.

Dei fleste russiske vitskapsfolk reknar dei historiske verka til Fomenko for å vera pseudovitskaplege.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Teksten er henta frå Engelsk Wikipedia om Fomenko.