Donetsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For byen med same namn i Russland, sjå Donetsk i Russland.
Donetsk (ukrainsk Донецьк, russisk Доне́цк) er ein by i Ukraina. Etter folketeljinga i 2001 er det den femte største byen i Ukraina,[1] rett bak Dnipropetrovsk og Odessa. Byen er hovudstad og delar namn med Ukrainas mest folkerike oblast.
Den walisiske forretningsmannen John Hughes tufta eit stålverk og kolgruver her i 1869, og byen vart opphavleg kalla Yuzovka etter Hughes. I 1924 vart han omdøpt til Stalino, etter Josef Stalin, men under destaliniseringa endra han igjen namn til Donetsk, etter elva Donets, som renn gjennom byen.