Anatolij Serdjukov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anatolij Serdjukov

Anatolij Eduardovitsj Serdjukov (russisk Анатолий Эдуардович Сердюков), fødd 8. januar 1962 i Kholmskij i Krasnodar kraj, er ein russisk politikar og forsvarsminister i Russland frå 15. februar 2007 til 6. november 2012.

Serdjukov er utdanna innan økonomi og jus. Han fullførte si første utdanning i Leningrad i 1984, og ein ny grad ved St. Petersburg statsuniversitet i 2001.

I mai 2001 vart han nestleiar for Skatte- og avgiftsdepartementet si avdeling i St. Petersburg, i november same året vart han leiar for avdelinga. 2. mars 2004 vart han henta til Moskva som viseminister i Skatte- og avgiftsdepartementet, og berre to veker seinare tok han over som skatte- og avgiftsminister. 27. juli 2004 vart han leiar for Det føderale skattevesenet, underlagt Finansdepartementet.

15. februar 2007 utnevnde president Vladimir Putin han til ny forsvarsminister etter Sergej Ivanov. Han vart avsett 6. november 2012 i samband med ein korrupsjonsskandale.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Russian Defence Minister Anatoly Serdyukov fired by Putin" frå BBCnews.com

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anatolij Serdjukov