Anatolij Tymosjtsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Анатолій Тимощук
Tymoschuk.jpg
Personleg informasjon
Namn Anatolij Oleksandrovytsj Tymosjtsjuk
Fødselsdato 30. mars 1979 (35 år)
Fødestad Lutsk i Sovjetunionen
Høgd 181 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Bayern München
Draktnummer 44
Ungdomsklubb
1994-95 UKraina Volyn Lutsk
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-97
1998-2007
2007-09
2009-
UKraina Volyn Lutsk
UKraina Sjakhtar
Flag of Russia.svg Zenit
Tyskland Bayern München
62 (8)
227 (32)
67 (10)
70 (3)
Landslag**
2000- UKraina Ukraina 117 (4)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 5. mai 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 11. juni 2012.

Anatolij Oleksandrovytsj Tymosjtsjuk, ukrainsk Анатолій Олександрович Тимощук (fødd 30. mars 1979 i Lutsk i Volyn oblast) er ein ukrainsk fotballspelar. I 2012 spelar han i forsvar for Bayern München i tysk Bundesliga og for Ukraina sitt landslag.

Tymosjtsjuk har vunne ei rekkje titlar for klubblag: Han vann seriemeisterskapen i Ukraina med Sjakhtar Donetsk i 2002, 2005 og 2006, serien i Russland med Zenit St. Petersburg i 2007 og Bundesliga i Tyskland med Bayern München i 2010. Han debuterte for Ukraina sitt A-landslag i 2000 og spelte sin landskamp nummer 100 ti år seinare, 11. oktober 2010 i ein privatlandskamp mot Brasil. Han har rekorden i landskampar for Ukraina, med 117 per 11. juni 2012. Tymosjtsjuk vart kåra til årets ukrainske fotballspelar i 2002, 2006 og 2007.