Anders T. Noddeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders T. Noddeland
Fødd8. januar 1885
Død22. mai 1960 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Anders Tjøstolvsen Noddeland (8. januar 188522. mai 1960) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Austre Moland i Aust-Agder.

Noddeland utdanna seg ved landbruksskulen i Fjære skulevinteren 1904/05. Elles arbeidde han heime på farsgarden heime i Austre Moland. Frå 1918 dreiv han farsgarden til 1954. Året etter han tok over garden vart Noddeland vald inn i heradsstyret i Austre Moland, ordførar 1923-39. Perioden 1935-39 var han også formann i fylkestinget i Aust-Agder. Han var elles fylkesrevisor frå 1926 til 1942 og deretter fullmektig i fylket til 1945. Etter andre verdskrigen var han formann i Aust-Agder landbruksselskap til 1954 og formann i styret for landbruksskulane i Aust-Agder til 1955.

Noddeland var stortingsrepresentant frå Aust-Agder og for partiet Venstre frå hausten 1945 og ut 1949. Han var medlem i Kommunalkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]