Anderson Massif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 79°10′S 84°45′W
Anderson Massif
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Heritage Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 2 190 moh
 - koordinatar 79°10′S 84°45′W
Administrert under Antarktistraktaten
Anderson Massif is located in Antarktis
Anderson Massif (Antarktis)

Anderson Massif er eit kjenneleg, isdekt fjellmassiv kring 10 nautiske mil på tvers og med ei høgd opp mot 2190 moh. Massivet ligg ved samløpet mellom Splettstoesserbreen og Minnesotabreen i Heritage Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter John J. Anderson, ein geolog som var feltleiaren for University of Minnesota Ellsworth Mountains Party, 1961–62.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Anderson Massif» (innhald frå Geographic Names Information System).