Heritage Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 79°45′ S 83°0′ W
Heritage Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Ellsworth Mountains
Grensar til Sentinel Range
stad Ellsworth Land
 - koordinatar 79°45′ S 83°0′ W
Lengd 160 km
Breidde 48 km
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Heritage Range in Vest-Antarktis
Plasseringa til Heritage Range in Vest-Antarktis
Heritage Range is located in Antarktis
Heritage Range (Antarktis)

Heritage Range er ei stor fjellkjede, 160 km lang og 48 km brei, som utgjer den sørlege halvdelen av Ellsworth Mountains i Antarktis, sørover frå Minnesotabreen. Fjellkjeda er kompleks med mange ryggar og fjelltoppar på moderat høgd, skrentar, åsar og nunatakar. Mellom desse ligg isbrear.[1]

Den nordlege delen av fjellkjeda vart truleg først sett av Lincoln Ellsworth då han flydde over området 23. november 1935. Den 14. desember 1959 vart den sørlege delen av kjeda sett for første gong under ein flytur frå Byrd-stasjonen med Edward C. Thiel, J.C. Craddock og E.S. Robinson. Laget landa på ein isbre ved Pipe Peak den 26. desember nordvest i fjellkjeda.[1][2]

I 1962-63 og 1963-64 utførte University of Minnesota ekspedisjonar som både kartla og gjorde geologiske undersøkingar av fjellkjeda. Heile kjeda vart kartlagd av USGS frå flyfoto tekne under U.S. Navy, 1961-66.[1]

Ho fekk dette namnet av US-ACAN fordi dei forskjellige delane av fjellkjeda har fått namn som er knytt til temaet amerikanske kulturarv.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Heritage Range». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:6688. Henta 11. januar 2013. 
  2. Gerald F. Webers, et al., Geology and Paleontology av Ellsworth Mountains, Vest-Antarktis (Geological Society of America, 1992), s. xi