Andreas Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Moen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1979 (44 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 2012

Andreas Moen (fødd 21. september 1979) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Internasjonal Meister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Andreas Moen vart IM etter sterke resultat i tre internasjonale sjakkturneringar. I ei turnering Barcelona i august 2008 tok han 7 poeng på 10 rundar. I ei turnering i Rethymno i Hellas i juli 2011 tok han 6 poeng på 9 runder. Og i Reykjavik Open i mars 2012 tok han det siste IM-nappet med 6 poeng på 9 parti.[1] Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han i løpet av ei turnering i april 2012, då han nådde opp i 2412.[2] Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet på FIDE-kongressen i Istanbul, Tyrkia 27. august - 10. september 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]