Réthymno

Koordinatar: 35°22′N 24°28′E / 35.367°N 24.467°E / 35.367; 24.467
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rethymno)
Réthymno
Lokalt namn Ρέθυμνο

Den gamle venetianske hamna
Geografi
Stad Kreta
Koordinatar 35°22′N 24°28′E / 35.367°N 24.467°E / 35.367; 24.467
Areal 397,5 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kreta
Réthymno
Hovudsete Réthymno (34 085 innb.)
Demografi
Folketal 57 216 (2021[1])
Folketettleik 143,9 /km²

Réthymno (gresk: Ρέθυμνο), òg kalla Rethimno, Rethymnon, Réthymnon og Rhíthymnos, er ein by i periferieininga Réthymno, der han er hovudstad, på Kreta i Hellas. Byen har like over 32 000 innbyggjarar og vart grunnlagd i antikken (som Rhithymna og Arsinoe), sjølv om han aldri var ein viktig by for den minoiske siviliasjonen. Han var derimot seinare mektig noko til at innbyggjarane prega sine eigne myntar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare kommunen Réthymno, no kommunaleininga Réthymno

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 57 2165 innbyggjarar, medan kommunaleininga Réthymno hadde 38 759 og tettstaden med same namn 34 085 innbyggjarar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Réthymno byrja å vekse då ventianske erobrarar på øya ville ha ein handelsstasjon mellom Iráklio og Khaniá, og fekk sin eigen biskop og adel. I dag er gamlebyen (paliá póli) nesten berre bygd av venetianarane. Dette er ein av dei best bevarte gamlebyane på Kreta.

Venetianarane bygde ei borg her kalla Fortetza, som er eit av dei største og best bevarte på Kreta. Andre monument er Neratzemoskeen, Den store porten (megáli pórta, Porta Guerra), Piazza Rimondi (Rimmondiplassen). I dag er hovudnæringa turisme og mange bygg tilknytte dette er ført opp dei siste 20 åra.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Réthymno Réthymno 32 468 34 085
Violí Kharáki Nikifóros Fokás 2 785 3 185
Atsipópoulo Nikifóros Fokás 1 392 1 612
Prinés Nikifóros Fokás 851 895
Gállos Réthymno 922 889
Sfakáki Arkádi 792 883
Jeráni Nikifóros Fokás 821 870
Stavroménos Arkádi 678 756
Adelianós Kámbos Arkádi 680 738
Roussospíti Réthymno 569 536
Episkopí Láppa 618 509

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]