Mirl Buchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Annemarie Buchner)
Mirl Buchner
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 16. februar 1924
Ettal
Død

9. november 2014 (90 år)
Grainau

Yrke alpinist
Språk tysk
Mirl Buchner på Commons

Annemarie Buchner-Fischer, kjend som Mirl Buchner, (16. februar 19249. november 2014) var ein tysk skirennar frå Ettal i Bayern som vann medaljar i alle dei tre alpine greinene under vinterleikane 1952 i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Buchner deltok i dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952 og tok medalje i alle øvingane. Etter å ha teke bronsemdaljen i storslalåm på Norefjell, kom ho på andreplass i utfor, ni tidels sekund bakom Trude Jochum-Beiser frå Austerrike. Sidan sikra ho seg i Rødkleiva ein bronsemedalje også i slalåm.

Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho nummer fire i storslalåm, og nummer 14 i utfor. Tidlegare i same sesongen vann ho storslalåm-tevlinga i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel i Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Mirl Buchner – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.