Åre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For eldstaden, sjå årestad.
Roing med fargerike åreblad av gummi i ein park i Bucuresti.
Foto: Joe Mabel

Åre eller år er ein reiskap som vert nytta til anten å styre ein farkost med, eller til å drive han fram. Ei år har to hovuddelar, åreskaftet og årebladet. Opphavleg vart årar laga av tre, og det er framleis vanleg. Men anna vyrke som glasfiber, plast og metall er vel så vanleg i dag.

Utforminga av dei ulike delane ymsar etter kva for farkost åra er laga til.

Tre typar utforming[endre | endre wikiteksten]

Det er tre typar årar. Det er særs ulik utforming av dei, men føremålet er det same. Åra skal nyttast til å drive fram og styre farkosten.

Roår[endre | endre wikiteksten]

År til ein robåt
Fleire roarar i robåt.
Foto: Horst Sturm

Åreskaftet til ein robåt vert inndelt i lunn, legg, hals og handtak. Handtaket vert au kalla lom. Årebladet som sit ytst på åra tek opp om lag 1/3 av heile årelengda.

Forma på årebladet ymsar stademellom. Somme stader var det vanleg med smale blad, andre stader var det helst breie blad. Årebladet er tjukkast midt på og smalnar mot kantane so det skal skjera reint i vatnet og ha god jamvekt.

Til tevlingsroing er åra noko annleis utforma, men har framleis dei same lùtene. Største skilnaden er vyrket, og forma på årebladet. Forma er ofte stuttare, breiare og tunnare.

For robåtar til arbeidsføremål vart åra ofte utforma etter føremålet med arbeidet. Åreskaftet (lunnen) kan vera rundt eller kantete. Kantete årar vert ofte kalla vestlandsårar og er mest nytta på robåtar med keip og hamleband. Dei kantete årane er høvelege under fiske med di åreblada vert ståande beint ned i vatnet medan ein dreg dorg, snøre eller garn.

År til kano

Runde årar er mest nytta på båtar med tollegang (tollepinnar) og på båtar med hòl åt årane. Dei høver til meir moderne åregaflar laga i metall eller plast au. Desse årane er gjerne runde frå handtaket og til eit stykke nedan tollegangen (lunnen). Deretter får dei ei oval form (leggen) som gjev ein mjuk overgang (halsen) til årebladet.

Handtaket har ein diameter på mellom 3 og 4 cm og ei lengd på kring 15 cm slik at det skal gje godt grep og liggje godt i handa.

Padling ståande i kano.

Kanoår[endre | endre wikiteksten]

Skaftet til ei kanoår har eit tverrgåande handtak, so det vert godt å halde åra med båe hender. Eine handa på handtaket, og hi eit stykke ned på skaftet. Årebladet fører ein beint ned i vatnet og skuvar det baketter for framdrift.

Kajakkår[endre | endre wikiteksten]

År til kajakk
Kajakkpadling.

Ei kajakkår har to åreblad, eitt i kvar ende av skaftet. Desse åreblada er vinkla litt i høve til einannan (sjå figur b i illustrasjonen). Når ein fører eine årebladet opp av vatnet, er det andre bladet vinkla slik at det kan førast ned i vatnet utan å vride åra noko meir.

Hendene legg ein på kvar ende av åreskaftet, ein 10 cm frå åreblada. Det gjev god jamvekt, og god kraft til framdrift.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Vikingskipa hadde hòl i sidene for årane. Hòla sit ein 60 cm over vasskorpa. Hòla har utsparinger so åreblada kan førast og koma ut ubægde. Bordgangen med årehòl er tjukkare og dermed sterkare enn dei hine.

Osebergskipet vart rott med 30 årar, Gokstadskipet med 32. Årane til Gokstadskipet var laga av furu og var mellom 5,3 og 5,85 m lange. Dei lengste årane vart nytta nærast stamnane der høgda over vasskorpa var størst.

I høve til moderne årar er sjølve årebladet på vikingskipårane lite. Dette kan henge saman med at denne åretypen høver best til roing med stutte, hoggande tak — den gamle måten å ro på. Ein trur at to mann rodde kvar år, so desse skipa hadde høvesvis 60 og 64 roarar.

Dei største årane var i bruk på galeiar. Kvar år vart rodd av 4 mann, og det kunne vera opptil 500 roarar fordelte på opptil 3 dekk, dermed hadde desse båtane meir enn 100 årar.