Another Year

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Another Year er ein britisk dramafilm frå 2010, regissert og skriven av Mike Leigh.

Plott[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonane i filmen er det eldre ekteparet Tom og Gerri, som lever i eit stabilt og lukkeleg ekteskap. Filmen fylgjer paret gjennom fire årstider og skildrar omsorga dei har for vener og familie. Den vaksne sonen deira, advokaten Joe, har enno ikkje funne seg nokon, til Gerris store misnøye. Venninna og kollegaen til Gerri, Mary, gøymer seg bak ei lukkeleg maske trass i at ho eigentleg har vore svært einsam og drikkfeldig sidan mannen gjekk frå henne. Tom har kameraten Ken, ein noko slurvete, men godhjarta kar. Gerri har forsøkt å spleisa Mary med Ken, men utan hell, og ho blir sjokkert når Mary tek til å flørta med den 20 år yngre Joe, sonen til Gerri. Betre blir det ikkje for Mary når ho stikk innom hos Tom og Gerri og der blir introdusert for Katie, den nye kjærasten til Joe.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Another Year hadde premiere på filmfestivalen i Cannes i 2010 der han tevla om Gullpalmen. Han vart også vist på Filmfestivalen i London før den eigentlege premieredagen, og vart nominert til Oscar-prisen for beste originalmanus. I Noreg vann Another Year Amandaprisen i 2011 for beste utanlandske film.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]