Anshun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anshun i Guizhou

Anshun er eit byprefektur i provinsen Guizhou i det sørlege Kina. Folketalet vart i 2004 berekna til 283 000.

Anshun var ein blømade by i opiumhandelens dagar på 1800-talet. Han er i dag eit viktig handelssenter. I dette området vert det produsert grøn te, stål og maskinvarer. Byen har også matforedlingsindustri. Anshun er kjend for produksjon av sakser og for lærprodukta.

Administrative eningar[endre | endre wikiteksten]

Anshun omfattar eitt bydistrikt, to fylke og tre autonome fylke:

  • Bydistriktet Xixiu - 西秀区 Xīxiù Qū
  • Fylket Pingba - 平坝县 Píngbà Xiàn
  • Fylket Puding - 普定县 Pǔdìng Xiàn
  • Det autonome fylket Guanling for buyei- og miaofolka - 关岭布依族苗族自治县 Guānlǐng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
  • Det autonome fylket Zhenning for buyei- og miaofolka - 镇宁布依族苗族自治县 Zhènníng bùyīzú miáozú Zìzhìxiàn
  • Det autonome fylket Ziyun for miao- og buyeifolka - 紫云苗族布依族自治县 Zǐyún miáozú bùyīzú Zìzhìxiàn

.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!