Guizhou
Guizhou er ein provins i dei sørlege, midtre delar av Folkerepublikken Kina. Guizhou grensar mot provinsane Sichuan og Chongqing i nord, samt provinsen Yunnan i vest, den autonome regionen Guangxi i sør og provinsen Hunan i aust. Provinsen dekker ei flatevidd på 176 000 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 37,96 millionar. Guiyang er hovudstad i provinsen.
Guizhou er ein av dei fattigaste provinsane i Kina. Berre 11 % av naturen vert brukt til dyrking av mat. Ris er ei av dei viktigaste eksportvarene, men det vert berre dyrka fram ei avling i året. Det vert også dyrka ein del mais og kveite.
Det går mange jernbanar gjennom provinsen, men mange av landsbyane har ikkje vegsamband i det heile.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Guizhou er rik på fjell, særleg i vest, medan dei austlege og sørlege delane er ganske flate. Den vestlege delen av provinsen er ein del av Yunnan-Guizhou-platået.
Klima [endre]
Guizhou har eit fuktig, subtropisk klima. Årstidene skil seg lite frå kvarandre. Middeltemperaturen er om lag 10 til 20 °C. Januartemperaturane varierer frå 1 til 10 °C, medan julitemperaturane varierer frå 17 til 28 °C.
Demografi [endre]
Guizhou er ein av provinsane i Kina der det bur folk frå eit stort tal ulike folkegrupper. Minoritetsgrupper utgjer meir enn 37 % av befolkninga. Mellom desse er yaofolk, miao, yifolk, qiangfolk, dongfolk, zhuangfolk, buyei, baifolk, tujiafolk, gelaofolk og shuifolk.
55,5 % av landområdet i provinsen er lagt ut til autonome regionar for etniske minoritetar. Guizhou er den provinsen i Kina som har høgst fertilitetsrate, 2,19.[1]
Økonomi [endre]
Guizhou er den fattigaste provinsen i Kina, og økonomisk er lite utvikla. Han er rik på naturresurssar. Råvareproduksjonen er særleg knytt til skogsdrift og trevarer.[2] Andre viktige industrigreiner er energiproduksjon (elektrisitet) og gruvedrift, særleg utvinning av kol, kalkstein, arsenikk, gips, og oljeskifer.[2]
Administrasjonseiningar [endre]
Guizhou har ni einingar på prefekturnivå, dei ni er delt i fire byprefektur, to prefektur og tre autonome distrikt:
| Kart | # | Namn | Hanzi (S) | Pinyin | Administrasjonssete |
|---|---|---|---|---|---|
| — Byprefektur — | |||||
| 2 | Zunyi | 遵义市 | Zūnyì Shì | Honghuagang | |
| 4 | Liupanshui | 六盘水市 | Liùpánshuǐ Shì | Zhongshan | |
| 6 | Guiyang | 贵阳市 | Guìyáng Shì | Yunyan | |
| 5 | Anshun | 安顺市 | Ānshùn Shì | Xixiu | |
| — Prefektur — | |||||
| 1 | Bijie | 毕节地区 | Bìjíe Dìqū | Bijie | |
| 3 | Tongren | 铜仁地区 | Tóngrén Dìqū | Tongren | |
| — Autonome prefektur — | |||||
| 7 | Qianxinan for buyei og miao | 黔西南布依族苗族自治州 | Qiánxī'nán Bùyīzú Miáozú Zìzhìzhōu |
Xingyi i Guizhou | |
| 8 | Qiannan for Buyei og miao | 黔南布依族苗族自治州 | Qiánnán Bùyīzú Miáozú Zìzhìzhōu |
Duyun i Guizhou | |
| 9 | Qiandongnan for miao og dong | 黔东南苗族侗族自治州 | Qiándōngnán Miáozú Dòngzú Zìzhìzhōu |
Kaili i Guizhou | |
Dei ni einingane er delt opp i 98 einingar på fylkesnivå, som i sin tur er delt opp i til saman 1 543 einingar på kommunenivå.
Historie [endre]
Guizhou var godt kjend av kinesarane sidan oldtida, men det var ikkje før under Ming-dynastiet at området kom fast under kinesisk kontroll og vart organisert som provins. Sidan følgde masseinnvandring av kinesarar frå nærliggande provinsar som Sichuan og Hunan.
Den folkegruppa som stod sterkast i området frå før, miaofolket, gjorde stadig opprør. Under Qing-dynastiet heitte det at det var mindre oppstandar kvart trettiande år, og større kvart sekstiande. Opprørarane vart slått ned av regjeringa.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Guizhou» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Guizhou» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2011.
Fotnotar [endre]
- ↑
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .
Heather Kathleen Mary Terrell (May 2005). «Fertility in China in 2000 : A County Level Analysis (thesis, 140 p.)». Texas A & M University. http://repository.tamu.edu/bitstream/handle/1969.1/3892/etd-tamu-2005A-SOCI-Terrell.pdf?sequence=1. Henta 2010-11-27.
- ↑ 2,0 2,1
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .
«Market Profiles on Chinese Cities and Provinces : Guizhou Province». Hong Kong Trade Development Council (HKTD)/Guizhou Statistical Yearbook 2008. January 2009. http://info.hktdc.com/mktprof/china/guizhou.htm. Henta 2010-11-27.
|
|
|
|---|---|
| Provinsar: | Anhui • Fujian • Gansu • Guangdong • Guizhou • Hainan • Hebei • Heilongjiang • Henan • Hubei • Hunan • Jiangsu • Jiangxi • Jilin • Liaoning • Qinghai • Shaanxi • Shandong • Shanxi • Sichuan • Yunnan • Zhejiang |
| Autonome regionar: | Guangxi • Indre Mongolia • Ningxia • Tibet • Xinjiang |
| Byprovinsar: | Beijing • Chóngqìng • Shanghai • Tianjin |
| Spesielle administrative regionar: | Hongkong • Macao |