Armand Amar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armand Amar
Fødd1953 (71 år)
FødestadJerusalem
OpphavIsrael, Frankrike
Aktiv1994–
PlateselskapNaïve
Verka somkomponist, filmmusikkomponist
PrisarAmandaprisen for beste musikk

Armand Amar (f. 1953 ) er ein israelskfødd fransk filmmusikkomponist som vaks opp i Marokko. Amar har israelsk mor og jødisk-marokkansk far med fransk pass og emigrerte til Frankrike med faren som barn.

I 1976 møtte han den sørafrikanske koreografen Peter Goss, som introduserte han for dans. Dei følgjande åra jobba Amar med fleire koreografar innan samtidsdans. I 1994 grunnla han sitt eige plateselskap, Long Distance, saman med Peter Gabriel og Alain Weber.

Filmmusikken til Amar er hovudsakleg fokusert på austleg musikk. Han har skrive fleire ballettar og komponert musikk til ei rekkje spelefilmar, m.a. Belle & Sebastian (2013), Den endelige løsningen (2002), Days of Glory (2006) og Home (2009). Han har fleire gonger blitt nominert til Césarprisen for filmmusikken sin, men vann fyrste gongen i 2010. Dette var for filmmusikken til filmen Konserten.

I 2013 laga Amar filmmusikken til Tusen ganger god natt av Erik Poppe. Amar vann Amandaprisen 2014 for denne musikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]